Johnny A. Solbu skreiv 21.04.2022 23:19:
On Thursday 21 April 2022 22:10, Karl Ove Hufthammer wrote:
tilstanden til KDE (som no eigentleg heller bør kallast Plasma + program frå KDE) på nynorsk er rimeleg bra.
Omtrent alle andre steder jeg har sett omtales det som KDE/Plasma, ikke «Plasma with KDE programs». Jeg mener man bør vurdere KDE/Plasma da det er et innarbeidet begrep som ikke trenger nærmere oversettelse for at man skal forstå hva det er.
Skrivemåten «KDE/Plasma» har eg nesten ikkje sett, og han vert ikkje brukt offisielt. Men eg trur det uansett trengst ei namneoppklaring. Her er ein kort (og litt forenkla) historieleksjon:
KDE vart «født» i 1996, og namnet var då ei forkorting for «Kool Desktop Environment». Men ein bestemte seg seinare for at K-en berre skulle vera ein K og ikkje ei forkorting for «Kool». Og seinare kalla ein det berre for «KDE Desktop» (og ein snakka om KDE-*prosjektet*). KDE var altså det me gjerne kallar eit «skrivebordsmiljø» på norsk. Og etter kvart hadde det komme til mange tilhøyrande program og bibliotek, som *òg* gjekk under namnet KDE.
Så, i 2009, gjorde ein ei, etter mi meining, ganske uheldig omprofilering. Frå no av skulle KDE vera personane/fellesskapet som *laga* (det som tidlegare var) KDE, og ikkje sjølve *programvara*. Eller som dei sa:
KDE is no longer software created by people, but people who create software.
At ordet KDE brått skulle tyda noko heilt anna enn det tidlegare hadde gjort, var det mange som ikkje fekk med seg – og nok mange som framleis ikkje har fått med seg! :)
Men ordet «KDE» skulle òg leva vidare som eit slags varemerke for programma laga av KDE. Og me hadde/fekk blant anna namn som «KDE Workspaces» (seinare «KDE Plasma Desktop», no «KDE Plasma» eller berre «Plasma») for sjølve skrivebordsmiljøet, «KDE Software Compilation»/«KDE SC» (seinare «KDE Applications», og no «KDE Gear») for (ein del av) programma, og «KDE Platform» (seinare «KDE Frameworks») for rammeverket/biblioteka.
Så me skal altså no snakka om program *frå* eller *av* KDE. Der KDE altså er dei som programmerer programma, set dei om til ulike språk, teiknar ikon til dei, lagar hjelpefiler eller nettsider til dei, vedlikeheld den tekniske infrastrukturen eller på andre måtar bidrar. Det er derfor pressemeldingane gjerne begynner med «Today KDE releases …». Og det er derfor velkomsbiletet når ein loggar inn, seier «Plasma by KDE» (omsett til «Plasma frå KDE» på nynorsk, sidan «Plasma av KDE» vart så rart og lett å misforstå).
Men det vert òg rett å snakka om «KDE-program». Det er altså igjen program *frå/av* KDE. Men det er no feil å snakka om KDE som sjølve programma eller som skrivebordsmiljøet/brukarflata. Det siste heiter Plasma eller KDE Plasma.
Og til slutt bør det nemnast at det òg finst noko som heiter KDE e.v. Det er ein ideell organisasjon som tar seg av den juridiske og økonomiske biten til KDE-prosjektet + annan støtteaktivitet.