På Fri, 09 Jun 2006 13:22:04 +0200, skrev Hans F. Nordhaug Hans.F.Nordhaug@hiMolde.no:
- Karl Ove Hufthammer karl@huftis.org [2006-06-09]:
Ja, dei vert endra ganske hyppig. Slik situasjonen er no, ser eg det som lite nyttig å arbeida med KDE-omsetting. Sidan malfilene/ PO-filene er gamle, vil mykje av omsettinga vera direkte bortkasta (då tekstane ein set om gjerne er erstatta med nye, slik at omsettingane aldri vert brukt). Og sidan PO-filene ikkje ser ut til å verta sendt inn til KDE, har det òg lite for seg å setta om program som ikkje følgjer utgjevingsplanane til KDE (eksempel amaroK og Kaffeine).
Dette gjer iallfall at det for meg er lite motiverande å arbeida med omsetting av KDE-program no.
Eg veit det har blitt gjort lite. Eg skal ta tak i det tidleg i neste veke.
Jeg lurer på om vi ikke heller skal begynne å bruke https://launchpad.net/rosetta i steden for vår egen SVN.
Det trur eg er veldig lite lurt.
Jeg vet ikke hvor god Rosetta er på en sende oversettelsen oppover til vedlikeholder/utvikler av programmet, men de er vel ikke dårligere enn oss vil jeg tro.
Jau, det trur eg faktisk. Vår KDE *er* i prinsippet oppstraums KDE. Rosetta er ei oppskrift på kaos :-(
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes