Den 23.03.2015 23:04, Karl Ove Hufthammer skreiv:
On 23. mars 2015 22:48, Karl Ove Hufthammer wrote:
On 23. mars 2015 22:42, Karl Ove Hufthammer wrote:
Eg finn han heller ikkje i min versjon 4.3.5.2.0+ (puh!). Men eg oppfattar at det er ein aggregerings-/samandragsfunksjon. Så då synest eg han godt kan heita SAMANDRAG.
Men eg skal sjå om eg lett kan få installert ein nyare versjon, og sjekka kva funksjonen faktisk gjer.
Det var jo utruleg enkelt og kjapt (eg brukar openSUSE). Eg har no versjon 4.4.1.2. Men eg finn framleis ikkje funksjonen i funksjonsvegvisaren.
Fann ut av det. Han var omsett til MENGD hos meg.
Veldig pussig og underdokumentert funksjon. Han reknar ut ulike samandrag, og kva type er avhengig av første argument. For eksempel:
=AGGREGATE(1, ,A1:A4) reknar ut gjennomsnittet av verdiane
=AGGREGATE(4, ,A1:A3) reknar ut maksverdien
=AGGREGATE(6, ,A1:A4) reknar ut produktet
Men eg står på mitt forslag, og synest SAMANDRAG passar bra. MENGD(E) er *ikkje* eit godt namn på funksjonen, sjølv om norsk Excel har brukt det.
Oppdaga e-posten din då eg sende svaret på den førre. For meg høyrdes SAMANDRAG fornuftig ut. Må finne ut noe meir om dette. Eventuelt sende oppmoding om betre dokumentasjon til the documentation team. I hjelp for Excel er det ei lang liste over kva det første argumentet betyr. Har ikkje funne tilsvarande liste i hjelp for LibreOffice. Helsing Kolbjørn
-- Karl Ove Hufthammer
i18n-no mailing list i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no