Karl Ove Hufthammer skreiv 22. des. 2015 14:45:
Planen vidare er å omsetta ferdig mappa «kdegames». Innhaldet er vel ganske sjølvforklarande … Det er til saman cirka 6 000 tekstar, og ¾ av desse er alt omsett.
Og no er eg ferdig med «kdegames». Det vil seia, alle spela og tilhøyrande bibliotek er omsette (100 filer) med unntak av to, som berre er (og forblir) *delvis* omsette.
Det eine unntaket er Kajongg, som er eit mahjong-spel. Reglane og terminologien er litt komplisert, og eg må setja meg inn i desse for å kunna gje ei fullgod omsetjing. Det prioriterer eg førebels ned. Men dei mest synlege tekstane i spelet *er* omsette. Merk at Kajonng er spelet for *fire* spelarar. Dei to mahjong-liknande éinspelarspela/kabalane KMahjongg og Shisen-Sho har eg omsett 100 %. Begge er fine spel.
Det andre unntaket er KGoldrunner. Her er det *lange* skildringar med hint for dei fleste bretta (typisk fleire avsnitt med tekst for kvart brett). Eg *har* omsett alle tekstane for opplæringsbretta og fleire av dei andre (og meir utfordrande) brettsamlingane, men ikkje for dei nyaste bretta. Grunnen er at det tar ganske mykje tid å omsetta kvar hintskildring, då eg må spela brettet for å vera sikker på omsettinga vert god. Likevel er om lag 80 % av tekstane i spelet omsett, deriblant alle tekstane i brukargrensesnittet (menyar, innstillingsvindauge og sånt). Dei resterande tekstane er lågt prioriterte.
Men viss nokon kjem og seier at dei har spelt gjennom alle bretta som *er* omsette til nynorsk (på nynorsk), og ønskjer fleire, vil eg nok prioritera dette høgt igjen. :) Så det er berre å ta utfordringa. KGoldrunner er forresten eit ganske bra spel, og verdt å sjå nærare på, spesielt om de har spelt Lode Runner i «gamle dagar».
Planen framover er å setta om «kdegraphics» ferdig. Her finn me program som Okular, Gwenview og Kolourpaint. Og ikkje minst Spectacle, som er det splitter nye KDE-programmet for å ta bilete av skjermen (arvtakaren til KSnapshot).