Eg har lagt ut dei nye funksjonsnamna i LibreOffice Calc i https://stuestoel.no/office/calc/calc-funcs.php.
Sidan eg ikkje har fått svar på forslag til omsetjingar, har eg brukt mine eigne forslag. Det er rimeleg enkelt å endre desse, så om nokon har innvendingar, tar eg gjerne i mot desse.
Funksjonsnamna er
CHOOSECOLS → VEL.KOLONNAR
CHOOSEROWS → VEL.RADER
DROP → DROPP
EXPAND → UTVID
HSTACK → HSTAKK
TAKE → TA
TOCOL → TIL.KOL
TOROW → TIL.RAD
VSTACK → VSTAKK
WRAPCOLS → BRYT.KOLONNAR
WRAPROWS → BRYT.RADER
Forslaga HSTAKK og VSTAKK er litt kinkige. H-en står for horisontal og V-en for vertikal. Skulle vel eigentleg vore V for vassrett og L for loddrett, men for å unngå forvekslingar m.a. med Excel, har eg vald slik det er ført opp.
Desse funksjonane er førebels ikkje komne med i dei vanlege utgåvene av LibreOffice, men dei kjem etter kvart.