Det finst no eit alternativ til skiljet mellom omsettingar av kde4-stable og kde4-trunk, forklart her:
http://article.gmane.org/gmane.comp.kde.devel.internationalization-and-docum...
Kort sagt går det ut på at me brukar filer som er unionen med kde4-stable og kde4-trunk, og at desse vert automatisk splitta. Eg skal no prøva å setja opp dette systemet for oss.
Viss de arbeidar med KDE-omsettingar i dag, bør de derfor venta med å senda dei inn til det nye systemet er klart (men de kan godt arbeida med omsettingane). Viss alt går bra, skal me få éi mappa å forholda oss til, kde4, og kde4-stable og kde4-trunk vert fjerna.
Eg kjem tilbake med meir info om korleis omstrukteringa har gått seinare.