* Axel Bojer (22.07.2008 23:04):
Vet noen om noen slags dokumentasjon om utbredelsen av a-infinitiv og/eller e-infinitiv på nynorsk? Jeg forstår det slik at det avhenger dels av landsdel.
Eg veit ikkje kva som finst av dokumentasjon, men ein kan utan tvil fastslå at e-infinitiv er det vanlegaste i profesjonelle nasjonale publikasjonar, medan a-infinitiv står sterkt i privat bruk, lokalaviser og kommunal administrason på Sørvestlandet der dialektane har a-infinitiv.
Sjølv har eg e-infinitiv i talemålet (frå Nordvestlandet), men valde a-infintiv då eg byrja å skrive nynorsk, sidan dette er den tradisjonelle forma medan e-infintitiv kom inn som ei tilnærming til bokmål i samnorsk-tida. I arbeidet med nynorsk.org-normalen valde eg likevel e-infinitiv, sidan dette er det vanlegaste forma i faktisk bruk, og då gjekk eg over til e-infinitiv personleg. Eg ville tilrå e-infintitiv i omsetjingane av same grunn, men dette er ikkje eit veldig viktig spørsmål.
At a-infinitiv skulle vere meir gammaldags enn e-infinitiv er berre tull, det er utelukkande ei vanesak kva ein likar best. Men det ein må hugse er at det er bokmål som set standarden for språkleg normalitet i Noreg, så former som skil seg frå bokmål blir markerte.
Erik