Hei. Eg tok meg ei økt på nynorskomsetjing av KTorrent her i stad og såg etter kvart at Fellesordlista ikkje er heilt oppdatert på orda som er relaterte til dette. Eg tenkte difor å kome med nokre framlegg til nye oppføringar til ordlista. Dette er dei omsetjingane eg har brukt i nynorskomsetjinga så langt, men alle er sjølvsagt opne for diskusjon før dei vert lagde inn:
torrent → torrent (ikkje filstraum) tracker → sporar peer → delar? seeder → delar leecher → nedlastar chunk → blokk swarm → sverm
Grunnen til spørsmålsteiknet ved peer er at eg ikkje har heilt klart for meg skilnaden på ein «peer» og ein «seeder». Omfattar «peers» kanskje både «seeders» og «leechers»? Kva kan i så fall vere eit fellesomgrep for desse to?
Mvh Eirik U. Birkeland