On søn, 2004-08-15 at 12:55 +0200, Karl Ove Hufthammer wrote:
Kjetil Torgrim Homme kjetilho@ifi.uio.no skreiv:
tvert i mot, fila hadde ikkje linjeskift til slutt, men du retta det opp.
Retta og retta. Ei tom linje på slutten er ikkje nødvendig i PO-filer. Generelt sett har tomme linjer ingen ting å seia i desse filene.
det var ikkje ei tom linje som vart lagt til, han berre kompletterte siste linja til å slutte med linjeskift. det finnest faktisk ein del program som ignorerer siste linja i filer viss dei manglar linjeskift. det er også litt irriterande når ein gjer cat på fila at det neste promptet ikkje startar på slutten av linja, altså slik som dette:
$ printf "hei du" hei du$
men du har sjølvsagt rett i at PO-fila fungerte før dette også.