Karl Ove Hufthammer kirjoitti 14. jan. 2006 kello 16.52:
Fredag 13. januar 2006 15:05 skreiv Axel Bojer:
Altså: * substantiv * adjektiv * pronomen * determinativ * verb * adverb * preposisjon * konjunksjon * subjunksjon * interjeksjon og ingen flere, da følger vi visstnok norsk referansegrammatikk :-P
Keld:
Jeg vet ikke hva norsk referansegrammatikk er, men Trond har en gang fortalt
http://nn.wikipedia.org/wiki/Norsk_referansegrammatikk
Karl Ove:
Nei, desse termane er til dels utdaterte. Dei tilrådde ordklassane,med underklassar, finn de i http://www.sprakrad.no/upload/Gramterm.pdf. Dei er noko forandra frå tradisjonell norsk ordklasseindeling. Å bruka Wikipedia som kjelde vil eg på det sterkaste fråråda.
No er det slik at både NRG, bokmålswikipediaen, nynorskwikipediaen (der eg har skrive artikkelen om ordklasser) og det dokumentet du viser til, har same liste over ordklasser, ei liste som er identisk med Axel Bojer si liste. Så tidas tann er ikkje så hardhendt som Karl Ove vil ha det til.
Diskusjonen i Gramterm-dokumentet som Karl Ove viser følgjer forøvrig NRG også i undergrupperinga, ikkje 100 %, men svært nært. Der det er usemje, er grunnane for dei vala dei gjer (kva som er lett å lære for skoleelevar) irrelevant for dette prosjektet, her må de gjere ei sjølvstendig vurdering. Inndelinga av adverb bør skje på MORFOLOGISK grunnlag, i og med at det for stavekontrollen er morfologien som er relevant.
Elles er Gramterm.pdf i tråd med NRG også i tempussystemet (bortsett frå skilnaden "presens perfektum futurum" vs. "presens futurum perfektum". Eg er heilt samd med Gramterm, og har no oppdatert nynorskwikipediaen si framstilling (jf. artikkelen om norsk språk).
Viss du på andre punkt er usamd med framstillinga på nynorskwikipediaen vil eg gjerne høyre meir om det. Det er mange opne felt, og ein del amatørisme ute og går, men stort sett er det mogleg å sjå kva som er kva, og det største problemet er eigentleg alt det som ikkje står. Men det som manglar er det ikkje mogleg å feilsitere.
Trond.
---------------------------------------------------------------------- Trond Trosterud t +47 7764 4763 Institutt for språkvitskap, Det humanistiske fakultet m +47 950 70140 N-9037 Universitetet i Tromsø, Noreg f +47 7764 5216 Trond.Trosterud (a) hum.uit.no http://www.hum.uit.no/a/trond/ ----------------------------------------------------------------------