Godt innspel og fint oversyn.
Diverre har eg meir enn nok med GIMP og LibreOffice (som ikkje høyrer til dei aktuelle prosjekta i denne samanhengen), så det er lite eg kan bidra med i tillegg. Har av og til kikka innom po-filene frå Translation Project Robot, og ser at det meste er nokså overkomeleg. Krev bare litt tid.
Eg arbeider i Windows, og kan skriva under på at det går stort sett greitt. (GIMP bruker eit anna system, og er avhengig av Linux. Også dette kan likevel ordnast i Windows).
Så vil du gjera ein innsats, er det bare å ta fatt. Gi deg sjølv det vesle puffet som skal til for å senda ei melding til dette forumet. I tillegg er slikt arbeid svært lærerikt, men det er ein bonus.
Lukke til Helsing Kolbjørn Stuestøl
Den 31.07.2014 22:52, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Hei!
Som de kanskje har fått med dokker, står det ikkje så bra til med KDE på nynorsk. Av totalt over 83 tusen tekstar i siste versjon var berre 57 % omsett til nynorsk:
http://l10n.kde.org/stats/gui/stable-kde4/team/nn/
Me har hatt ulike omsettarar innom gjennom åra (her vist som talet på omsettingsfiler kvar person har redigert)
1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 Roy-Magne Mo – – 1 – – – – – – – – – – – – – Bjarne Hugo Hansen – – – 2 – – – – – – – – – – – –Jakob Breivik Grimstveit – – – – 1 – – – – – – – – – – – Lars Risan – – – – – 1 – – – – – – – – – – Tor Hveem – – – – – 5 – – – – – – – – – – Vigdis Karin Lien – – – – – 1 – – – – – – – – – – Knut Nordanger – – – 1 – – 7 – – – – – – – – – Axel Bojer – – – – – 7 4 – – – – – – – – – Cecilie Wian – – – – – – 1 – – – – – – – – – Eivind Magnus Hvidevold – – – – – – 1 – – – – – – – – – Jørgen Grønlund – – – – – – 1 – – – – – – – – – Gaute Hvoslef Kvalnes 80 105 34 273 167 303 242 25 – – – – – – – – Bjørn Steensrud – – – – – – – – 1 – – – – – – – Sven Harald Klein Bakke – – – – – – 1 – – 1 – – – – – – Håvard Korsvoll – – – – 39 44 32 4 29 11 6 – – – – – Sveinung Kvilhaugsvik – – – – – – – – – – 4 – – – – – Eirik U. Birkeland – – – – – – – – – 449 382 210 66 – – – Kjetil Kilhavn – – – – – – – – – – – – – 2 – – Karl Ove Hufthammer – – – 19 1 165 104 19 546 765 399 348 150 47 70 5
men no er det i praksis ingen att. Eg kjem framleis med nokre sporadiske rettingar og omsettingar, men har ikkje kapasitet til å arbeida mykje med dette.
Me treng altså nye omsettarar og korrekturlesarar. Er det nokon her på lista som 1) føler seg kalla, 2) kjenner nokon som kjenner nokon aktuelle, eller 3) har tips til kor me kan få tak i nynorskinteresserte datafolk (eller datainteresserte nynorskfolk)?
Ein treng ikkje særlege tekniske forkunnskapar. Generelt kan ein seia at det er viktigare med god språkkjensle enn inngåande datakunnskap. Ein vel sjølvsagt sjølv kva program ein vil arbeida med å omsetta og/eller korrekturlesa, så ein kan halda seg til dei mindre tekniske.
Det er ein (stor) fordel om ein sjølv brukar Linux og KDE, men det er ikkje noko krav, spesielt ikkje om ein berre ønskjer å jobba med korrekturlesing.
Sjølv om eg ikkje har kapasitet til å arbeida så mykje direkte med omsetting framover, kan eg gjerne bidra med opplæring/ mentoring av nye omsettarar.
Hørest dette interessant ut, svar her til lista eller direkte til meg. Send gjerne e-posten vidare til andre dokker trur kan vera interesserte.
Her finn de for øvrig skjermbilde av korleis KDE ser (såg) ut på nynorsk: http://l10n.kde.org/team-infos.php?teamcode=nn