mandag 4. oktober 2004, 15:10, skrev Håvard Korsvoll:
On man, 2004-10-04 at 08:25 +0200, Håvard Korsvoll wrote:
"spegel" er kanskje ikkje ideelt, men eg synest ikkje "nettarkiv" er noka forbetring. for meg tyder eit "arkiv" ein stad der ein tek vare på gamle dokument og bøker. det er ikkje tilfellet her, ein "spegel" er ei eksakt avbildning av eit _anna_ filarkiv, gamle filer vil slettast når dei vert sletta på den opprinnelege kjelda.
Dette er så nærliggjande likt i tyding at for brukaren har dette svært lite å seie.
nærliggjande likt? korleis då? kan du forklare fordelane med "nettarkiv" framfor "spegel"?
For det første, uttrykket arkiv er ikkje avgrensa til ein lagringsplass for gamle bøker eller dokument. Programvare og kjeldekode kan også lagrast i eit arkiv. Det er heller ikkje krav til at det skal vere gamalt det som er lagra i eit arkiv, men det skal vera organisert slik at det er lett å finn fram, både til siste gyldige versjon og eldre versjonar. Eg vil påstå at Debianarkivet lett oppfyller definisjonen til eit arkiv. Skilnaden her er eigentleg berre spesifisering. Viss ein brukar utrykket arkivspegel, er det meir spesifikt for kva det faktisk er. På engelsk har ein valt å avkorte uttrykket til berre spegel. For min del synes eg spegel vert for unøyaktig igjen viss det ikkje ut frå samanhengen kjem klårt fram at det er ein spegel av eit arkiv. For det andre, så seier ikkje uttrykket (arkiv)spegel om dette er på ein CD, diskett eller på internett. For brukaren er det viktigare å få informasjon om at dette arkivet er eit arkiv som er på nettet enn at dette arkivet er ein kopi av eit anna arkiv på nettet. Det mest rette uttrykket vil då vere nettarkivspegel. Men det er litt langt å tungt, så om vi avkortar det til nettarkiv er det eit enkelt uttrykk som er forståeleg nok for brukaren. Håvard
Fordelen med ordet «arkiv» er at det sier noe om funksjonen (at den lagrer) mens «speil» bare, som Håvard nevner, sier noe om at dette ikke er det eneste stedet med kopi av de samme filene. Hvis man vil være nøyaktig kunne man jo si «et kopi/speil av (et) arkiv», men de færreste biblioteker/arkiver har vel unike dokumenter? Det er vel vanlig at det man arkiverer finnes mange steder,
Ordet «speil» som synonym til «kopi» er ikke helt innlysende i seg selv heller, men beror mer på sedvane. (Den vanlige bruken av «speil» er ikke å lagre en kopi av deg selv i speilet, men bare å «avbilde» deg i en annen form), mens den vanlige bruken av ordet «arkiv» blir opprettholdt når man bruker det om en samling programvare e.l som ligger på nettet (eller for den saks skyld et annet sted).
Slik sett vil vel «arkiv» være det beste ordet.
Mvh Axel