1) Eg kan leva med avtrekkjarknapp. Men kva med avfyringsknapp eller utløysingsknapp/utløysarknapp?
Eg er redd for at «avtrekkjarknapp» vert både for langt og for fysisk/konkret.
Avfyringsknapp er veldig nær knytt til avtrekkjarknapp. Utløysarknapp like så. Så ein kan assosiert på sane måte.
Utløysarknapp har den føremon at det fungerer utan -knapp, og utløysar er også eit av forklaringsorda for trigger i Ordbøkene.no. Jamvel om avtrekkjar er standard ord for mekanismen på eit gevær, er det heilt normalt å omtala han som utløysar òg.
Så eg held ein knapp (sic/sukk) på utløysar framfor avfyringsknapp.
Det som kan forsvara avtrekkjarknapp er dersom dei fleste i praksis skriv/seier «avtrekkjar» og ikkje «avtrekkjarknapp. Men eg trur ikkje me skal forventa at det kjem til å skje.
2) Paddle er det engelske ordet for padleåre - så kvifor skal det heita åreknapp på norsk?
Ei padleåre er kjenneteikna av at ho har åreblad i begge endar. Og du padlar ved å vekselsvis «ro» med venstre vs høgre padleåreblad.
Eg har lite røynsle med spelkontrollar (sjå punkt 3), men eit raskt blikk på ein video[#] fekk meg til å tru at det heiter «paddle» nettopp fordi dei ser ut og nyttar slike «knappar» litt som ei padleåre - dvs ved å veksla mellom å bruka venstre eller høgre «blad» av åra.
Det kan sjå ut som at kvart sett av controller paddles vert omtala i fleirtal - kanskje det kan bli padleknappesett eller padleknappar på norsk.
For, ja, dette børe heita padleknapp på norsk.
(Åreknapp er berre åreplask/mageplask, spør du meg.)
3) Fleirtal av kontrollar/kontroller.
Før var det tillate å skriva «sofaar» på nynorsk. Ein gjekk bort frå det fordi var såg so «awkward» ut... No lyt ein skriva «sofaer».
Det same må eg seia om «kontrollarar», og «kontrollerer» er ikkje mykje betre (og det er vel difor det heiter - kontrollere, utan -r, forresten, ha ha.)
Spelkontrollarar er dømd til å tapa frå start...
Alternativa:
Mange nyare lånord frå engelsk, ser på norsk like ut i eintal og fleirtal: tanks, caps, etc. Det kan me kopiera her.
Eg synest at me anten kan nytta spelkontroll og bøya det på vanleg måte. Eller så kan me nytta spelkontrollar både i eintal og fleirtal. I siste tilfelle vert det slik:
- spelkontrollar - spelkontrollaren - spelkontrollar - spelkontrollarane
[*] https://youtu.be/0Kk5o--FzZ4?is=dfHU-JECwfYxTdpB
Leif Halvard Silli
Den 25. juli 2026 16:14:41 CEST, skreiv Karl Ove Hufthammer via l10n-no l10n-no@nuug.no:
Karl Ove Hufthammer via l10n-no skreiv 25.07.2026 13:26:
Elles er Guide-knappen typisk knappen som har logo på seg. Så eg bør vel leggja til «Guide» på illustrasjonen også («Guide» er der den runde «PS»-knappen).
Dette er no gjort. Har òg endra «triggerknapp» til «avtrekkjarknapp», lagt til «åreknapp» som omsetjing av «paddle button» og oppdatert illustrasjonsbildet og Plasma-skjermbildet («tommelspak» i staden for «analog styrespak»).
-- Karl Ove Hufthammer _______________________________________________ l10n-no mailing list -- l10n-no@nuug.no To unsubscribe send an email to l10n-no-leave@nuug.no