* Åsmund Skjæveland (23.02.2008 13:35):
Eg prøver å oppdatera omsetjinga av gnome-control-center, og har problem med ein del av accessibility-orda. Eg antar at "secondary click" betyr høgreklikk (for høgrehendte), men har me laga eit tilsvarande ikkje-keivhendtdiskriminerande uttrykk på norsk?
Google gjev 1910000 treff på "right click", 6460 treff på "secondary click" og 365 treff på "secondary click" -apple. Det ser ut til at uttrykket blir brukt i samband med høgreklikking med berre ein museknapp. Google gav eitt treff på "sekundærklikk":
+#: ../capplets/mouse/gnome-mouse-properties.glade.h:56 +msgid "_Trigger secondary click by holding down the primary button" +msgstr "_Utløs sekundærklikk ved å holde nede primærknappen"
Kan det vera dette du er ute etter? Sjølv ville eg nok vald "høgreklikk" som er godt innarbeidd.
Erik