Eg prøver å oppdatera omsetjinga av gnome-control-center, og har problem med ein del av accessibility-orda. Eg antar at "secondary click" betyr høgreklikk (for høgrehendte), men har me laga eit tilsvarande ikkje-keivhendtdiskriminerande uttrykk på norsk?
Åsmund Skjæveland:

«Annanhandsklikk» er jo ei muligheit, men «secondary click» er kanskje meir generelt? Viss ein for eksempel har ei mus med berre éin knapp, kan ein for eksempel (?) halda inne ein tast samtidig som ein klikkar for å «sekundær- klikka»?
* Åsmund Skjæveland (23.02.2008 13:35):
Eg prøver å oppdatera omsetjinga av gnome-control-center, og har problem med ein del av accessibility-orda. Eg antar at "secondary click" betyr høgreklikk (for høgrehendte), men har me laga eit tilsvarande ikkje-keivhendtdiskriminerande uttrykk på norsk?
Google gjev 1910000 treff på "right click", 6460 treff på "secondary click" og 365 treff på "secondary click" -apple. Det ser ut til at uttrykket blir brukt i samband med høgreklikking med berre ein museknapp. Google gav eitt treff på "sekundærklikk":
+#: ../capplets/mouse/gnome-mouse-properties.glade.h:56 +msgid "_Trigger secondary click by holding down the primary button" +msgstr "_Utløs sekundærklikk ved å holde nede primærknappen"
Kan det vera dette du er ute etter? Sjølv ville eg nok vald "høgreklikk" som er godt innarbeidd.
Erik