On Tuesday 04 November 2008 22:07:30 Karl Ove Hufthammer wrote:
Tysdag 04. november 2008 skreiv Lars Ivar Igesund:
Det har vore skrive tonnevis om dokument og e-postar om dette, heilt sidan Rosetta/Launchpad vart starta, men sjølv no, etter *so* mange år, er situasjoen minst like ille som i starten. Verre, kan det verkaDette har fått meg (og dei fleste andre KDE-omsettarar, kan det sjå ut som) til å mista heilt trua på Launchpad, og på folka bak prosjektet.
Eg ønskjer iallfall ikkje å kasta vekk meir tid på det.
Det er såvidt eg veit ein grunn til at problematikken har vore ignorert, og det er at Ubuntu i hovudsak er eit Gnome-prosjekt, og dei opplever visstnok ikkje dei same problema.
Er det ikkje nokre omsettingsgrupper som brukar Launchpad som «upstream» for GNOME?
Men i utgangspunktet er dette eit problem som gjeld alle programma i Ubuntu; det er kanskje berre meir synlig for store prosjekt som KDE.
Eg trur først og fremst det er meir synleg fordi KDE er så veldig gode oppstraums.
På KDE-lista var det for eksempel nylig ein omsettar som klaga over den dårlige omsettinga i Stellarium (og avslutta med «LP2 [Launchpad 2] over my dead body» [stavefeil retta]).
Eg er sikker på at det finst mange ikkje-KDE program som òg har elendige norske omsettingar i Ubuntu/Kubuntu. Men heldigvis ser ikkje eg dei, då eg har valt ein annan distro. :)
No har du derimot ei moglegheit til å verte høyrd (det vart ytra eit ynskje om å få ein "statement" frå alle omsetjingslaga).
Eg trur rett og slett ikkje på at noko vil verta gjort. Nokre KDE-folk skreiv for fleire år sidan dette dokumentet:
http://wiki.kde.org/tiki-index.php?page=KDERosettaCollaboration
Ingenting er gjort. Andre har òg skildra problemet nøye: http://charismacode.blogspot.com/2007/01/powers-and-repositories-ubuntu- and.html
Ingenting er gjort.
Dette hjelp ikkje så lenge _Kubuntu_-folka ikkje er med, men Jonathan Riddell, leiaren for Kubuntu og ansatt i Canonical, var med på diskusjonen på IRC som eg refererte til i går. Eg trur ikkje han har vore innforstått med problemet - det er ikkje alltid like lett for dei som ikkje treng omsetjingar - men han er det no, og mange andre som også er sentrale i Kubuntu. Og nokre av dei kan også tenkje seg å droppe LP for Kubuntu.
Det kan jo fortsatt hende at ting går i dass, men eg trur der er ei viss forståing for at LP kanskje har fleire bakdelar enn fordelar, og at K/Ubuntu faktisk taper brukarar grunna dette.
Det er jo ikkje sånn at ein ikkje kan tilgi dei som prøvar å rette opp tidlegare feil :)
Mvh, Lars Ivar Igesund