2008/2/14, Erik Haugan erik@haugan.no:
ASCII-teikna trengst i dei fleste programmeringsspråk, og når ein fyrst programmerer brukar ein dei mykje oftare enn ein jurist brukar §. Diakritiske teikn brukar ein heller ikkje så mykje at compose-sekvensar er for tunge. Eg skriv no vanlegvis "og" i staden for "òg" for å ikkje øydeleggja flyten i skrivinga. Hadde AltGr vore på venstre hand kunne AltGr+o vore eit alternativ, men eg nektar å ty til "akkordar" for å skriva vanlege teikn.
Eg har blitt veldig glad i double-mode til emacs. Ikkje for å byrje nokon emacs-rant her, men i tilfelle det finst nokon på lista som nyttar emacs og ikkje liker tastaturet sitt så har eg eit tips:
M-x customize-group RET double
Der finst verdien Double Map. Eg skriv for tida ein del notat i logikk, og då har eg rett og slett lagt inn verdiar som t.d.
Key: E Once: E Twice: ∃
(Twice er bakvendt E, eksistenskvantor, for dei som ikkje klarer å lese eposten.)
Når eg entrer double-mode (ein minor-mode) og skriv tastesekvensen "EE" i emacs blir han plutselig omforma til eksistenskvantor. Men merk at det òg er mogleg å endre Once, dvs. du kan gjere dette:
Key: 8 Once: [ Twice: 8
...og dermed unngå RSI. (Du kan heilt sikkert gjere masse gøy med xmodmap og compose og nye keyboards osb., dette var bare eit lite raskt tips for eventuelle emacs-brukarar.)
Det kompliserer saka endå meir at eg brukar Linux heime og Windows på arbeid.
(defun .macp () (equal system-type 'darwin))
(if (.macp) (setq double-map (list (char string string) ...)) ;; hjemme (setq double-map (list (char2 string2 string2) ...))) ;; jobb
Mvh, Kevin Brubeck Unhammer