-----BEGIN PGP SIGNED MESSAGE----- Hash: SHA1
Karl Ove Hufthammer skreiv, den 06. jan. 2009 01:20:
Måndag 5. januar 2009 skreiv Eirik U. Birkeland:
Nei, ikkje nødvendigvis, men vi kan då ikkje snakke for andre enn oss sjølve. Eg håpar sjølvsagt også at Åsmund og GNOME vil vere med på det same tiltaket. Det vil jo utan tvil gje omsetjingane mykje betre kvalitet, i tillegg til at andre enn Ubuntu får glede av dei.
Hmm. Har eg misforstått noko med forslaget? Går ikkje forslaget ut på *også* Ubuntu får glede av omsettingane?
Eg vil gjerne ha dette gjort, men helst vil eg språkvaska GNOME-omsetjingane fyrst. Eg vil helst ikkje importera fleire dårlege omsetjingar til Launchpad. Det er betre å slå to floger i ein smekk, og få rydda i Launchpad og gnome-svn samtidig.
- -- Åsmund Skjæveland