Kolbjørn Stuestøl skreiv:
Åsmund Skjæveland skreiv:
-----BEGIN PGP SIGNED MESSAGE----- Hash: SHA1
Kolbjørn Stuestøl skreiv, den 01. jan. 2009 23:12:
Har forresten eit problem med oppdateringa frå dei nyaste pot-filene. Oppdateringa og automatomsetjinga går greitt, men når eg skal lagre resultatet nektar programmet å gjere det fordi fila inneheld ei mengde "Fatal errors". Opphavet til dette er at PoEdit oppfattar to like setningar plasserte på ulike plassar i fila som duplikat og altså feil. Løysinga var å setje inn noen mellomrom her og der i originalteksten. Eg kjenner ikkje til korleis GIMP finn fram i dei «norske» filene. Reknar med at det er ei eller anna form for peikarar, uavhengig av den engelske teksten, men for å vere på den sikre sida: Kan eg bruke po-filene likevel, sjølv om eg har gjort endringar i (den engelske) originalteksten? Dersom svaret er nei, står eg heilt fast sidan eg ikkje har kopiar av dei gamle originalfilene. Bruker PoEdit (Windows).
Det vil ikkje fungera, viss eg forstår Gettext rett. Det fungerer slik at Gettext lagar ein nøkkeltabell over originalstrengar og omsetjingar når programmet vert kompilert, og at programmet slår opp i denne når det køyrer. Så om originalstrengen ikkje er i tabellen, vil programmet visa originalstrengen uomsett.
Når det er sagt: Ei PO-fil skal aldri innehalda to like msgid-ar. Dersom to identiske strengar treng ulike omsetjingar må du be utviklarane om å leggja inn kontekstinformasjon slik at strengane vert ulike sett frå POEdit.
Åsmund Skjæveland
Takker for svaret. Må ta det opp med "rette vedkomande", kven nå det er. Får stikke innom http://l10n.gnome.org/POT/gimp.HEAD/ ein tur. Litt i same gate: «Hjelp for GIMP» har til nå vore generert under feil språkkode, «no» istf. «nn». Det ser ut å bli retta i neste utgåve. Noen framsteg gjer vi :-)
Helsing Kolbjørn
Til orientering Melde problemet med POT-filene inn til «bugzilla-daemon@bugzilla.gnome.org» og fekk m.a. desse svara frå Sven Neumann: This just means that your tools are outdated. You need gettext >= 0.16 to work with the message catalogs in trunk. Have a look at http://live.gnome.org/GnomeGoals/MsgctxtMigration to understand what changed. --- Sure, but you should nevertheless work on the translations in the gimp-2-6 branch. When the time has come to translate trunk, we will announce that on gnome-i18n, as usual.
Eg prøvde med gettext v. 0.17.3 på Cygwin i Windows XP, men fekk same problemet. Eg har mykje igjen å lære :-) . Helsing Kolbjørn