On 4 Aug 2018, at 9:52, Gisle Hannemyr wrote:
On 26.07.2018 16:07, Yngve Spjeld-Landro wrote:
Hei! Kva er det best å kalla tasten med windowslogoen på? Alternativa eg har funne so langt er Super(-tasten) eller Meta(-tasten).
Det opplagte og selvforklarende navnet er "logo-tasten".
Dette er korkje opplagt eller sjølvforklarande. Fordi: Apple-tastatur har ikkje (lenger) nokon tast med ein eplelogo på. (Sjå nedanfor.)
Alternative forslag, som fylgjer litt av same resonnementet i Hannermyr sitt forslag:
* merketast * symboltast
Fordi 'merke' og 'symbol' både kan tyda 'eit merke/symbol' (slik som sjåverdigheitssymbolet (⌘) på eit Apple-tastatur - men 'merke' kan også tyda 'varemerke' (det er litt verre å få 'symbol' til å tyda 'varemerke' - men Windows-logoen er jo faktisk eit symbol), slik som i Windows-logotasten.
Det er sant at Mac-tastatur ei stund pla ha eit Apple-symbol (eit eple) på kommandotasten - det brukte å stå attmed 'cmd'-ordet. Men dette er ikkje lenger tilfelle. Ingen av mine tastatur har eplelogo. (Eg trur USB-tastaturet mitt må vera minst 10 år.) Og dei tastatura Apple sel i dag har ikkje eplelogo.
Riktig nok er det også slik at mange av oss framleis snakkar om «epletasten». Men på same måte som "super" og "meta" som du nemner nedanfor, så må ein ha historie innabords for å forstå kva som er "epletasten". (Eg trur riktig nok 'epletast' er meir forståeleg enn 'super' og 'meta'.)
På Mac er det ein enkel og standard måte å referera til kommandotasten på - det er 'cmd'-tasten. Når ein skal skriva snarvegskombinasjonar og macro-kommandoar, er det difor lett og enkelt å få til: Snarvegen for utskrift er "Cmd-P" (eller Command-P). Eg ser at Microsoft sjølv, på norsk, skriv "Windows-logotasten [bilde]+D" (https://support.microsoft.com/nb-no/help/12445/windows-keyboard-shortcuts). Noko som verkar nok so tungvint. (Bruken av logosymbolet viser at Microsoft ikkje stoler på at folk forstår uttrykket "Windows-logotast".)
PS: Ironisk nok er Windowstast-symbolet og "sjåverdigheitsymbolet" på kommandotasten litt like: Begge to ser på ein måte ut som eit kvadrat inndelt i fire mindre kvadrat ...
"Windows-tasten" er for snevert - som kjent kan man kjøpe klistrelapper for å bytte ut windowslogen med en annen logo. Og selv om navnene "super" og "meta" ble brukt på MIT på 1970-tallet (aldri med "-key" som suffix) viser det til taster på et tastaturutlegg som ikke lenger eksisterer (tviler dessuten på at "super" og "meta" blir forstått av andre enn folk med røtter i 1970-tallets hacker-kultur).
Leif Halvard Silli