Håkon Løvdal via l10n-no skreiv 24.09.2026 00:02:
Uten tanke på faktisk innhold, men jeg fikk ikke sett dem. Nå kjører jeg fra en fedora live cd (i mangel på fungerende boot for tiden), så oppsettet er helt sikkert langt i fra optimalt, men når jeg gikk på websiden viste alle videone "No video with supported format and MIME type found". Hvis jeg laster ned med Video download helper og prøver å spille av med vlc feiler den å spille av bilde men lyd fungerer.
Huff, eg håpte me var kvitt slikt trøbbel med kodekar no i 2026, men tydelegvis ikkje.
Eg var nok for optimistisk når eg brukte den nyare H.265-standarden for videokoding. Tenkte den ville gje best kvalitet i forhold til filstorleik. Og det fungerte på Firefox på maskina mi og i Android, utan at eg måtte gjera noko spesielt, så det såg lovande ut.
Men eg har no endra det til VP9 for video og Opus for lyd. Alt pakka inn i WebM-behaldarformatet. Dette trur eg skal fungera omtrent overalt. Oppdaterte videoar ligg her: https://huftis.org/kritikk/omsetjingsvideoar/