Hei!
Nokon som har forslag til kva me kan kalla «fuzzy search» på norsk? Det er søk der programmet òg gjev treff på liknande søkjeuttrykk som det du tasta inn.
Det finst ulike variantar. For å ta omsyn til stavefeil, kan programmet for eksempel søka på ord som liknar, men der éin eller nokre få bokstavar er forskjellige (slik at eit søk på «instillingar» òg gjev treff på «innstillingar»). Eller det kan legga til eller trekkja frå fleirtalsendingar på søkeorda (slik at eit søk på «innstillingar» òg gjev treff på «innstilling» og «innstillingane»). Eller det kan søka med synonym til søkeorda. Eller det kan søka etter nynorskvarianten av bokmålsord, eller omvendt.
Det vanlegaste er vel å søka etter ord der berre nokre få bokstavar er forskjellige. Me kan eventuelt ha eitt norsk ord for dette og eitt for meir avanserte «uklare» søk.