* Karl Ove Hufthammer (06. okt. 2008 20:23):
Eg trur ikkje eg forstår kva du meiner med «konservativ». Alt i 1917 var a- og e-infinitv jamstelte (før det var a-infinitiv hovudregelen, og frå 1938 til 1959 var e-infinitiv klammeform). Etter 1959 har dei to formene igjen vore jamstelte. Det er ikkje noko konservativt med a-infinitiv. Det einaste ein kanskje kan seia er at a-infinitiv er noko *geografisk* plassert, med base på Sør-Vestlandet, men dette har ikkje noko med konservatisme eller radikalisme å gjera (med mindre du meiner sørvestlendingar er spesielt konservative :) ).
Halve nynorsk-Noreg brukar A-infinitiv i skrift, men går du til nasjonale publikasjonar er e-infinitiven definitivt dominerande. Blant språkeliten er a-infinitiven ein uglesett markør for tradisjonalisme, blant nynorskbrukarar flest er han ein markør for Sørvestlandet.
Erik