Laurdag 28. mai 2011 skreiv Eivind:
Eg kan gjerne prøve å gjera noko nyttig ved å skrive eit lesarinnlegg eller to om dette, til innvertes bruk i rørsla. Kom gjerne med innspel om anna som burde vore omsett, samt i det heile tankar om temaet.
Veldig fint om du skriv lesarbrev. Me treng veldig nye omsetjarar, men òg korrekturlesarar. Strenge norsklærarar med (virtuell) raudblyant er like nyttige som språkmedvetne datanerdar.
Og heile omsettingsrørsla burde sjølvsagt bore meir preg av ei samling folk enn av atskilde tuer. i18n-*-listene er meint å vera *samlingsplassen* for omsettarar av fri programvare, men det er nok framleis folk som ikkje er klar over dette.
Og ja, me burde sjølvsagt ha ei flott nettside med presentasjon av prosjektet, enkeltprogram, retningslinjer osv., ein god infrastruktur med statistikk, prosessar for kvalitetssikring, osv. Men når me manglar resursar (les: folk!) til å laga og vedlikehalda dette, må me halda fram som me gjer – litt haltande.