Til orientering har eg starta på omsetting av openSUSE til nynorsk. Brukar automatisk omsetting frå bokmål til nynorsk via Apertium, noko som sparar mykje tid og arbeid. Dette kan sjølvsagt ogso brukast for andre dataprogram der bokmålsomsettinga er veldig komplett og god.
Særs godt initiativ, Karl Ove. Fint at du held koken!
Det der med Apertium var heilt nytt for meg, det kjende eg beint ut ikkje til. Det seier vel sitt om at nokre omsetjarar (eller kanskje berre eg) sit på kvar si meir eller mindre opplyste tuve. På tuva mi går det mykje i WordPress- og Ardour-omsetjingar, so langt utan verkty som det du tipsa om - takk!
Eg er vel trådtjuv no, men eg går over på noko litt anna likevel: eg skulle ynskje at det var meir enn berre oss på lista + nokre til som omsette, at det var meir ein omsetjar-skog i staden for omsetjar-tuvor. Eg hadde vona at den "eigentlege" målrørsla var mykje meir ivrig til å vera med å omsetja, at rørsla rett og slett greip dei store mogleikane som ligg i open kjelde og teknologi elles. Ikkje minst burde meir enn berre reine dataprogram vore omsette. Det undrar meg framleis litt at ikkje målrørsla har brukt apparatet sitt på til dømes dette:
- iOS - Android - All mogleg fastvare i forbrukarelektronikk, - og ikkje minst: vanlege mobilar. Det må vera husmannsånd som gjer at det framleis ikkje finst nynorske mobilar. Direkte rart, er det. Sjølv har eg telefonen min på islandsk inntil vidare.
Eg kan gjerne prøve å gjera noko nyttig ved å skrive eit lesarinnlegg eller to om dette, til innvertes bruk i rørsla. Kom gjerne med innspel om anna som burde vore omsett, samt i det heile tankar om temaet. Og orsak til Karl Ove for trådtjuveriet. Det var dette med tuvone som sende meg ut på galeien.
Beste helsing
Eivind Ødegård
________________________________ Fra: Karl Ove Hufthammer karl@huftis.org Til: i18n-nn@lister.ping.uio.no Sendt: Lørdag, 28. mai 2011 20.43 Emne: [i18n-nn] openSUSE på nynorsk + automatisk omsetting
Til orientering har eg starta på omsetting av openSUSE til nynorsk. Brukar automatisk omsetting frå bokmål til nynorsk via Apertium, noko som sparar mykje tid og arbeid. Dette kan sjølvsagt ogso brukast for andre dataprogram der bokmålsomsettinga er veldig komplett og god.
Eg har planar - når helsa vert betre - å setja i gang med Android. Treng å finna ut av korleis arbeidet lettast kan gjerast. Har tenkt å kontakta folk frå katalansk/valensiansk-miljøet. Dei har litt av dei same utfordringane som nynorsk har.
Det heile blir vel frå mi eiga tue ;-)
:-) Yngve Spjeld Landro
Laurdag 28. mai 2011 skreiv Eivind:
Eg kan gjerne prøve å gjera noko nyttig ved å skrive eit lesarinnlegg eller to om dette, til innvertes bruk i rørsla. Kom gjerne med innspel om anna som burde vore omsett, samt i det heile tankar om temaet.
Veldig fint om du skriv lesarbrev. Me treng veldig nye omsetjarar, men òg korrekturlesarar. Strenge norsklærarar med (virtuell) raudblyant er like nyttige som språkmedvetne datanerdar.
Og heile omsettingsrørsla burde sjølvsagt bore meir preg av ei samling folk enn av atskilde tuer. i18n-*-listene er meint å vera *samlingsplassen* for omsettarar av fri programvare, men det er nok framleis folk som ikkje er klar over dette.
Og ja, me burde sjølvsagt ha ei flott nettside med presentasjon av prosjektet, enkeltprogram, retningslinjer osv., ein god infrastruktur med statistikk, prosessar for kvalitetssikring, osv. Men når me manglar resursar (les: folk!) til å laga og vedlikehalda dette, må me halda fram som me gjer – litt haltande.