Onsdag 2. oktober 2002 18:36 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Eg ser du skriv at me skal setta om «Can not» til «Klarar ikkje». Eg har konsekvent sett om *både* «Can not» og «Could not» til «Klarte ikkje». Sjølv om ein kanskje *kan* argumentera at det er / bør vera ein forskjell mellom desse omgrepa, er det er mi erfaring det *ikkje* er dei i praksis, og dei blir brukt heilt om kvarande på engelsk. Derfor synest eg det er betre å standardisera på «Klarte ikkje».
Ja, det kan me i grunnen godt gjera.
Forresten heiter det «fann», ikkje «fant».
Uff, klart det.
Eg skal straks legga til ei innhaldsliste.
Oi, *nyttig* JavaScript er eit altfor sjeldant syn. Men det fungerer ikkje overalt :( Opera viser inga innhaldsliste i det heile, medan Konqueror 2.2.2 bommar på lenkjene. (Dersom du følgjer ei lenkje i Konqueror, hamnar du eit par skjermsider over der du eigentleg skulle. Det kan sjå ut til at avviket tilsvarar lengda på innhaldslista.) Nyaste Konqueror fungerer heilt fint, og Mozilla-baserte nettlesarar går sjølvsagt òg bra.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes