Installering av Pology på Cygwin var svært enkelt når eg først fann ut av det. Tar med oppskrifta i tilfelle andre skulle ha glede av det.
Lasta ned fila pology-0.11.tar.bz2 og la denne i mappa cygwin/bin/pology. Kommandoar i Cygwin: $ cd / $ tar xjf /pology/pology-0.11.tar.bz2 Dette installerte pology i mappa cygwin/usr/local. Lasta ned dei omsette po-filene og kalla mappa lo-UI-nn. La denne mappa i cygwin/bin/pology.
Kommando i Cygwin: $ python /usr/local/bin/posieve --skip-obsolete check-rules -slang:nn lo-UI-nn > forslag.txt
Fekk ut fila forslag.txt med forslag til forbetringar. Vist direkte på skjermen, dvs. utan "> forslag.txt", fekk eg ut forslag i fleire fargar. Lett å fine fram i.
Akkurat nå ligg https://translations.documentfoundation.org/nn/libo_ui/ nede ( «The server is closed for maintenance. Please check back later») så eg har bare prøvd Pology på andre po-filer. Pology ser ut til å vere eit godt hjelpemiddel.
Korleis får eg ut ei liste over alternative kommandoar? Reknar med at det finst andre alternativ enn "--skip-obsolete check-rules".
(Eg prøvde først oppskrifta som ligg i README-fila for Pology, men fekk ikkje den metoden til).
Helsing Kolbjørn Stuestøl Den 21.05.2013 06:22, skreiv Karl Ove Hufthammer:
må. den 20. 05. 2013 klokka 23.19 (+0200) skreiv Kolbjørn Stuestøl:
Installerte først Python for Windows. Fann ingen køyrbare utgåver av Pology for Python uansett system. Installerte difor via Cygwin frå pology-0.11.tar.bz2. Følgde rettleiinga i README:
cd pology-kjelde mkdir build && cd build cmake .. make && make installAlt fint så langt. Fekk som venta ei mappe med namnet pology/build der eg reknar med at alt eg treng ligg. Men så stoppa det for meg.
Det er ikkje nødvendig å installera Pology; du kan køyra det direkte frå der det ligg (Cygwin var altså unødvendig). Du køyrer sjekkeskriptet vårt slik:
python /adresse/til/pology/binposieve --skip-obsolete check-rules -slang:nn omsettingsfil-eller-mappe
Viss ikkje «python» ligg i søkjestigen, oppgje sjølvsagt fullstendig adresse til fila.
Det er forresten truleg ein fordel å køyra skriptet gjennom Cygwin (og då via Cygwin sin Python-versjon) i staden for gjennom eit Windows terminalvindauge, når eg tenker meg om. Du får då fargar i sjekkrapporten.