Veit ikkje om eg har forstått spørsmålet rett, men gjer eit forsøk på eit svar.
Ei e-postliste er eit forum nokså likt mange andre fora på Internett. Skilnaden er at all kommunikasjon går føre seg via e-post. Det du sender inn til lista av e-postar kan lesast av alle som er medlemmer av lista. Som oftast har slike lister eit arkiv, slik at du også kan slå opp i tidlegare e-postar dersom du ikkje har lagra dei på datamaskinen din. (Veit ikkje om denne lista har / vil få det).
Blir gjerne brukt av grupper som arbeider med dei same tinga, som for eksempel denne lista, som er meint å vere til hjelp for omsetjarane av gratis programvare. Er du usikker på kva "Upper barrier" i eit rekneark heiter på norsk, kan du stille spørsmålet på denne liste. Blir det mange nok medlemmer, eller at det tilfeldig er nokre medlemmer som veit svaret, kan du rekne med å få eitt eler fleire svar. Sjølvsagt kan det også diskuterast på lista, for eksempel om "Upper barrier" blir omsett med «Øvre grense» eller «Øvre barriere» eller noko heilt anna.
Denne lista er meint å delvis erstatte tidlegare lister som diverre er lagt ned.
Helsing Kolbjørn
Den 05.04.2020 18:39, skreiv Dan Åsen Hansen:
Hehe, godt spørsmål - hva er forskjellen(e)?
Jeg har ingen erfaring med e-postlister som kommunikasjonsmiddel, og er rett og slett litt usikker på hvordan de fungerer :)
Med vennlig hilsen Dan Åsen Hansen
søn. 5. apr. 2020 kl. 15:53 skrev Karl Ove Hufthammer karl@huftis.org:
Dan Åsen Hansen skreiv 05.04.2020 09:48:
Nå spør jeg sikkert fryktelig dumt her, men kan noen forklare meg prinsippene bak disse e-postlistene?
Kva e-postlister tenker du på her? Denne e-postlista, dei tre gamle i18n-listene eller dei nye robotlistene (som ikkje finst enno)?
-- Karl Ove Hufthammer
E-postlista l10n-no http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org
E-postlista l10n-no http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org