Karl Ove Hufthammer skreiv 05.07.2026 20:09:
I systemet for automatisk korrekturlesing (sjå https://l10n.no/verktoy/automatisk-korrekturlesing.html), har me lenge hatt ein regel som sjekka om det var brukt bokmålsord i nynorskomsetjinga. […] Eg har derfor oppdatert ordlistefila og tilhøyrande regel (i Pology) slik at regelen vert brukt som standard.
Eg prøvde å køyra regelen på nynorskomsetjinga av KDE-programma, og han fann ein bråte med feil (pluss nokre falske positivar), så han verkar veldig nyttig.
Det var ikkje så vanskeleg, så no har eg òg lagt til tilsvarande Pology-regel for nynorskord i bokmålsomsetjingar. Det er vel ikkje så vanleg å komma til å /skriva/ nynorsk i staden for bokmål i ei bokmålsomsetjing, men det kan lett komma inn eitt og anna nynorskord (eks. med /-ar/-ending) når ein brukar jamføringsomsetjingsfunksjonane eller automatisk omsetjing (for eksempel med Apertium). Så regelen kan absolutt vera nyttig.
For å køyra (berre denne) regelen manuelt, kan de (etter ha oppdatert Pology) køyra denne kommandoen:
posieve --skip-obsolete check-rules -slang:nb -srule:nynorskord