I systemet for automatisk korrekturlesing (sjå https://l10n.no/verktoy/automatisk-korrekturlesing.html), har me lenge hatt ein regel som sjekka om det var brukt bokmålsord i nynorskomsetjinga. Men på grunn av store forskjellar i ordtilfanget i dei underliggande ordbøkene (Nynorskordboka og Bokmålsordboka), gav han /mange/ falske positivar og var derfor slått av som standard.
Men no som Revisjonsprosjektet (https://www.uib.no/lle/revisjonsprosjektet) har harmonisert ordtilfanget i dei to ordbøkene, er det så godt som likt på dei to språka. Eg har derfor oppdatert ordlistefila og tilhøyrande regel (i Pology) slik at regelen vert brukt som standard.
Eg prøvde å køyra regelen på nynorskomsetjinga av KDE-programma, og han fann ein bråte med feil (pluss nokre falske positivar), så han verkar veldig nyttig. Dei falske positivane var stort sett frå personnamn (eks. nokon som heiter «Sitter» til etternamn), og det var òg moglege å utelukkande ein del av dei ved å finpussa på regelen og legga inn nokre unntak.
For å køyra (berre denne) regelen manuelt, kan de (etter ha oppdatert Pology) køyra denne kommandoen:
posieve --skip-obsolete check-rules -slang:nn -srule:bokmålsord
På https://l10n.no/verktoy/automatisk-korrekturlesing.html stod det info om korleis ein køyrde regelen når han var ikkje-standard, men denne har eg sjølvsagt oppdatert (https://gitlab.com/l10n-no/l10n-no-dok/-/commit/1548cf4cac6862b965a3f1651110...).
Karl Ove Hufthammer skreiv 05.07.2026 20:09:
I systemet for automatisk korrekturlesing (sjå https://l10n.no/verktoy/automatisk-korrekturlesing.html), har me lenge hatt ein regel som sjekka om det var brukt bokmålsord i nynorskomsetjinga. […] Eg har derfor oppdatert ordlistefila og tilhøyrande regel (i Pology) slik at regelen vert brukt som standard.
Eg prøvde å køyra regelen på nynorskomsetjinga av KDE-programma, og han fann ein bråte med feil (pluss nokre falske positivar), så han verkar veldig nyttig.
Det var ikkje så vanskeleg, så no har eg òg lagt til tilsvarande Pology-regel for nynorskord i bokmålsomsetjingar. Det er vel ikkje så vanleg å komma til å /skriva/ nynorsk i staden for bokmål i ei bokmålsomsetjing, men det kan lett komma inn eitt og anna nynorskord (eks. med /-ar/-ending) når ein brukar jamføringsomsetjingsfunksjonane eller automatisk omsetjing (for eksempel med Apertium). Så regelen kan absolutt vera nyttig.
For å køyra (berre denne) regelen manuelt, kan de (etter ha oppdatert Pology) køyra denne kommandoen:
posieve --skip-obsolete check-rules -slang:nb -srule:nynorskord