On man, 2004-07-05 at 12:20 -0400, Karl Ove Hufthammer wrote:
Held for tida på å setta om Kaffeine, og finn der ein dialog for OSD, med namn som «OSD Titles» og «OSD Options». Dette er sjølvsagt heilt uforståelig for vanlige folk, so eg har tenkt å setta det om til noko med fornuftig og uforkorta.
tja, OSD er eit uttrykk du finn igjen i dei fleste instruksjonsbøker for TV-apparat, så heilt uforståeleg trur eg ikkje det er.
Mitt einaste forslag er «statustekst». Andre forslag? Det er uproblematisk om det krev omskriving.
eg kjem ikkje på noko betre. ei meir skildrande omsetjing er "meldingar (lagt inn) i biletet", kanskje nokon kan spinne vidare på det.