Ragnar Wisløff ragnar@wisloff.no writes:
torsdag 6. september 2001 12:26 skrev Gaute Hvoslef Kvalnes:
I skriveprogram (særleg for programmering og slikt) finn me ofte ein funksjon som vert kalla 'highlighting'. Funksjonen markerer visse ord og konstruksjonar med fargar, slik at ein lettare får oversikt over C-kode, HTML eller kva det måtte vera.
Hva med fargekoding? Du får ikke med hele meningen, men det er kort, kontant - og ehhh samnorsk (?)
Slett ikkje eit dårleg forslag.
Eg har[1] syntaksmerking på min svart/kvitt-skjerm. Emacs brukar då feit skrift, kursiv og understreking i staden for fargar. Ordet "syntaksmerking" er svært presist, men kan berre brukast når det faktisk er syntaks som er grunnlaget for fargekodinga. Ved andre høve (eg kan ikkje kome på nokon i farta) kan "fargekoding" vere fint å ha i bakhovudet.
Kjetil T.
[1] vel, hadde for 2 mnd sidan.