2009/5/4 Lars Ivar Igesund larsivar@igesund.net:
2009/5/4 Karl Ove Hufthammer karl@huftis.org:
Kva kan «enclosure» i programmeringssamanheng bli på norsk? Ordet «omslutnad» ramla ned i hovudet mitt, men eg veit eigentlig ikkje om dette er eit ekte ord (eg finn det ikkje i ordboka).
Kan ikkje seie å ha møtt på enclosure i programmeringssamanheng, iallfall ikkje slik at det betyr noko anna enn enclosure normalt betyr. Derimot er ikkje "closure" så veldig uvanleg, les http://en.wikipedia.org/wiki/Closure_(computer_science), noko som er relatert til lambda kalkyle og det eg meiner kan verte kalla "lukning" på norsk, iallfall innan matematikken.
Det har jo ei litt anna tyding i matematikken, ein seier «partala er lukka under addisjon» og meiner at partal addert med partal alltid er partal. Ein «closure» i programmering er jo eit funksjonsobjekt. Men, «lukning» kan sikkert nyttast her au, eg kunne sagt det =P
Men er det snakk om http://en.wikipedia.org/wiki/RSS_enclosure synst eg «omslutnad» (evt. «omslutning») var eit fint ord.
mvh, Kevin Brubeck Unhammer