For å kunne omsetje LibreOffice måtte eg setje meg inn i ulike funksjonar i dei ulike programdelene. Ein måte å gjere det på, var å omsetje handbøkene parallelt med hjelpfilene og UI for programmet. Ein del av dette arbeidet har eg lagt ut på nettsida http://www.stuestoel.no/office/office.php i håp om å glede eit par andre i adventstida. (Alt er på nynorsk, eg har ikkje kapasitet til også å omsetje til bokmål).
Under arbeidet har eg også retta feil og inkonsekvensar i nynorsk i UI- og hjelp-filene for versjonane 4.3 og 4.4 når eg har kome over dei. Etter kvart er nokså mykje etter retningslinjene i http://i18n.skolelinux.no/retningslinjer.html, men mykje står sjølvsagt igjen.
Dersom du bruker LibreOffice ville det hjelpe ein god del om du sende ein omtale av dei feila du finn i sjølve programmet (UI), hjelpfilene eller handbøkene til denne lista i staden for bare å ergra deg over dårleg omsetjingsarbeid. Gjeld sjølvsagt både bokmål og nynorsk.
Bør vel gjere merksam på at mykje som er retta i v. 4.3 og 4.4 ikkje blir synleg før neste oppdatering som for v. 4.3 er planlagt til denne veka (v. 4.3.5) og for 4.4 i veke 5 i 2015 (v. 4.4.0, dvs. første utgåve). (Dei siste månadane har eg ikkje sett på versjon 4.2. Oppdateringar for denne var planlagt avslutta 19. nov. 2014, men eg har ikkje kontrollert dette).
Helsing Kolbjørn