Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:200210011509.08901.gaute@verdsveven.com:
Det var litt vanskeleg å finna ein naturleg plass til punktet, men eg trur det kan passa inn i eit avsnitt om «faste uttrykk».
Eg ser du skriv at me skal setta om «Can not» til «Klarar ikkje». Eg har konsekvent sett om *både* «Can not» og «Could not» til «Klarte ikkje». Sjølv om ein kanskje *kan* argumentera at det er / bør vera ein forskjell mellom desse omgrepa, er det er mi erfaring det *ikkje* er dei i praksis, og dei blir brukt heilt om kvarande på engelsk. Derfor synest eg det er betre å standardisera på «Klarte ikkje».
Forresten heiter det «fann», ikkje «fant».
Eg skal straks legga til ei innhaldsliste.