Fredag 22. november 2002 20:39 skreiv Åsmund Skjæveland:
Lat oss seia at eg tek til å putla med dokumentasjonen til Konqueror. Kva for ei fil skal eg gje meg i kast med?
(isolde ~/i18n/skolelinux) find . -name "*konquer*" -name "*pot" ./i18n/head-kde-i18n/templates/docs/kdebase/konqueror.pot
Dette er hjelpefila til den nyaste KDE-versjonen. Den skal du jobba med ;-) Dette er berre ei malfil, med dei engelske originaltekstane. Den ferdige omsetjinga legg du i i18n/head-kde-i18n/nn/messages/docs/kdebase/konqueror.po.
./i18n/head-kde-i18n/templates/kdebase/konqueror.pot
Dette er grensesnittet til Konqueror i KDE 3.1. (Du finn omsetjinga, som er ferdig, i nn/messages/kdebase.)
./i18n/kde-i18n/templates/docs/kdebase/konqueror.pot ./i18n/kde-i18n/templates/kdebase/konqueror.pot
Her er hjelpefil og grensesnitt for Konqueror i KDE 2.2.2. Me brukar framleis denne gamle versjonen i Skulelinux, men omsetjingsarbeidet er for det meste konsentrert om den nyaste utgåva.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes