Thomas Gramstad skreiv 13. juni 2018 20:11:
Det er nok driftsgruppa som er det avgjerande her. Kven som er listeadministratorar er (bør iallfall vera) noko me sjølve kan velja. Eg er sjølv listadministrator for i18n-no, i18n-nn og i18n-nb i dag, og kan godt vera det for den nye lista også. Men listeadministratorar modererer berre meldingar og kan endra innstillingane for listene; dei styrer ikkje det tekniske. (Me har fleire listeadministratorar for i18n-no-lista i dag, men ingen av dei kan gjera noko dersom lista sluttar å fungera.)
Enig, vi må selv kunne velge listeadministratorer.
Når det gjelder NUUGs driftsgruppe, så er denne tildels overarbeidet idag, og kan trenge forsterkninger. Hvis NUUG tar en aktiv rolle i å fremme FriProg-oversetting så kan kanskje flere fra oversettermiljøet bli NUUG-medlemmer, og kanskje også noen kan forsterke driftsgruppa? Altså en win-win der NUUG både støtter med å avholde arrangementer og gi økonomiske bidrag til oversettermiljøet, og at nye NUUG-medlemmer fra oversettermiljøet kan engasjere seg også i driftsgruppa?
For å vera heilt ærleg, synest eg ikkje dette høyrest så forlokkande ut, iallfall slik det er skildra her. «Planen» er altså at omsettarmiljøet skal melda seg inn i NUUG (medlemsavgift 1 365 kronar per person per år) og i tillegg gjerne gå inn og forsterka driftsgruppa? Og dette er altså ei driftsgruppe som er så overarbeida(?) at dei ikkje har fått oppgradert Mailman-installasjonen sidan 2006. Og dette er ein Mailman-installasjon som har fleire kjende sikkerheitshòl (og som er eldre enn den versjonen me alt har for e-postlistene).
Om eg har misforstått ting, eller andre har andre synspunkt, er det berre å skrika ut. :)