Tysdag 25. mai 2010 skreiv Torstein Adolf Winterseth:
Hei
I GNOME er det vanleg at kopieringsløyvet til GPL står i «Om»-dialogvindauget til eit program og teksten er omsettbar. Problemet er at for augneblikket finst det fleire variantar av kopieringsløyvet på nynorsk der nokre har openbare feil (t.d. så blir «betingelsene» brukt i ein variant). Eg ønskjer ofte at ein offisiell og «rett» variant blir lagt ut på Skolelinux' nettstadar for å få bukt med alle dei forskjellege variantane.
Her er mitt forslag (oppgradert til GPL 3):
<Dette programmet> er fri programvare. Du kan vidareformidla det og/eller endra det under vilkåra i GNU General Public License publisert av Free Software Foundation, anten versjon 3 av lisensen, eller (om du ønskjer) ein nyare versjon.
<Programmet> er gjort tilgjengeleg med håp om at det vil vera til nytte, men UTAN NOKON GARANTI, og heller ikkje med nokon indirekte garanti om at det vil OMSETJELEG eller EIGNA TIL NOKO SPESIELT FORMÅL. Sjå GNU General Public License for meir informasjon.
Du skal ha fått eit eksemplar av GNU General Public License saman <dette programmet>. Om du ikkje fekk det, sjå http://www.gnu.org/licenses/.