Sidan det verkar som bruken kan dokumenterast, støttar eg allheimen. Av same grunn støttar eg også fødiverset.
Men eg støttar også allheim og fødivers:
Akkurat som internett finst både i bunden form og ubunden form, må allheim og fødivers kunna finnast som både bunden og ubunden form.
Det er elles den ubundne forma som er soleklårt mest vanleg av "internett". Ja, bunden form verkar ofte litt komisk.
Argumentet om at Fediverse er eit særnamn virkar litt søkt. På engelsk nyttar ein stor bokstav annleis enn på norsk. Ordet "måndag" er ikkje særnamn jamvel om dei skriv "Monday" med stor M på engelsk.
På engelsk nyttar ein både Internet og internet. Det same gjeld på norsk, men liten bokstav er dominerande.
Det er ingen som har trademark på internett eller fødiverset = endå ein grunn til liten førebokstav.
Riksmålsordboka skriv også verdensvev, ikkje Verdensvev - eit vitugt val! Det same gjeld Nynorskordboka. Det er berre (Nynorsk)-Wikipedia som skil seg ut.
Og kvifor skal det vera stor bokstav i internett eller fødiverset/allheimen, når vi har liten bokstav i universet?
Leif Halvard Silli
Den 1. oktober 2024 19:39:50 CEST, skrev "Eivind Ødegård" eivind.odegard@sogn.no:
Eg støttar allheimen, anten det er som særnamn eller ikkje. Det er fleire grunnar til dette. For det fyrste er ordet ei god nyskaping som i ganske stor grad er sjølvforklarande. For det andre er ordet allereie innarbeid og i dagleg bruk på allheimen, om eg kan seia det slik. Eg synest ikkje "fødiverset" er eit like godt ord ut frå nokon av kriteria: Det er ikkje særleg sjølvforklarande, og det er heller ikkje så mykje i bruk på allheimen.
Helsing
Eivind Ødegård
Fediverse (The) → Allheimen
Eg synest det er eit ganske stilig ord, der meininga kjem godt fram. Og ordet er allereie mykje brukt. Her er ei forklaring på Wikipedia:
E-postlista l10n-no http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org