Den 14.03.2021 12:57, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Kjetil Torgrim Homme skreiv 13.03.2021 22:07:
"The escapement is the distance in pixels in the primary draw direction from the drawing origin to the origin of the next character to be drawn, assuming that the rendering of the next character is not dependent on the supplied string. Regardless of the character rendering order, the escapement is always positive."
Eg føreslår «steglengd» (bokmål: steglengde) som omsetting av «escapement». Frå Knut Hofstads «Ordbok for tekstbehandling», Universitetsforlaget 1990:
steglengde E escapement Enheten for en vertikal eller horisontal bevegelse som er innebygd i en utstyrsenhet, f.eks. en /skriver/.
Sidan dette ser ut til å vere ein brukt definisjon, bør vi kanskje gå for denne.
Elles fann eg i Typografisk ordliste (petterandresen.no): http://www.petterandresen.no/typografi/11.html#E «utligning/Metode eller teknikk f//or å skape optiske jevne mellomrom, f.eks. i en versaltekst.».///Altså at avstanden mellom bokstavane blir justert slik at det ser betre ut reint visuelt. Blir rett nok opplyst at det på engelsk heiter alignment, så er kanskje ikkje heilt det same? Ut frå klokkesamanlikningane burde kanskje avstandane bli like?/// /
/Helsing Kolbjørn /
Etter det eg forstår, vert det brukt i denne funksjonen i LibreOffice: https://design.blog.documentfoundation.org/2019/11/05/proposal-to-convenient...