Onsdag 23 april 2008 skreiv Axel Bojer:
Jeg tittet i svn-loggen og fant der flere ganske nylige innmeldinger i svn-trunk ...
Desse finn ikkje eg. Kva innmeldingar er det du siktar til?
11-04-2008 16:15 trunk/i18n/kde4-trunk/nb/messages/extragear-network/ktorrent.po
ktorrent er (som mappenamnet «extragear-» impliserer) eitt av programma som *ikkje* følgjer utgjevingsplanane til KDE, og som dermed ikkje er med i kde4-stable, og ikkje har malfiler der. kde4-trunk er altso *rett* plass for omsettingar av ktorrent.
Men merk at eg mykje sjeldnare melder inn endringar i kde4-trunk til KDE-SVN. Viss det er eit program som snart får ei utgjeving, og som du har ei oppdatert omsetting av i kde4-trunk, gje gjerne beskjed, slik at eg kan få meldt inn denne.