Velkommen til den «nye» diskusjonslista vår!
Får du denne meldinga, er alt i orden.
Lista er no drifta av NUUG, men eg held fram som listeadministrator.
Alt held elles fram omtrent som før, men for å senda meldingar til lista må ein no senda dei til adressa l10n-no@nuug.no. Hugs å oppdatera eventuelle oppføringar i lokal adressebok.
Svar på innlegg går som standard til lista, ikkje til avsendaren.
De finn meir informasjon om lista og kan endra brukarinnstillingar her: https://lists.nuug.no/lister3/postorius/lists/l10n-no.nuug.no/
Har de lenkjer til lista, hugs å oppdatera dei til å visa til den adressa. Eg har oppdatert lenkjene som er på heimesida vår: l10n-no.gitlab.io/l10n-no-dok/
Eg har elles gjort ei lita personvernendring: Lista over medlemmar er no berre tilgjengeleg for listeadministrator, ikkje for alle medlemmar.
Arkiv over innlegg til lista er som alltid ope tilgjengeleg. Og me har no ei mykje betre teknisk løysing for arkivet. Førebels vert berre *nye* innlegg lagde i arkivet, men planen er å importera alle tidlegare innlegg. Det er ein del tekniske ting å rydda opp i der først, men arbeidet pågår.