Hei
Er det nokon som har forslag til uttrykket «cue file». Eg er ikkje heilt sikker på kva det er, men eg trur det er ei fil som inneheld informasjon om ein CD som skal brennast.
Om fila inneheld alle dataa som skal brennast (som ei iso-fil) eller om ho berre inneheld samansetjing av filer og lydspor som skal leggjast på CDen veit eg ikkje.
Håvard