Hans Fredrik Nordhaug skreiv 06.11.2023 09:33:
Jeg savner ingenting. Hadde vært supert hvis dette ("784 commitar og 88 unike filadresser.") kommer på Gitlab så fort som mulig. Før du finner et nytt prosjekt å bruke tiden din på 🙂
Jeg har ikke så sterke meninger om vi bruker "i18n-no" eller "l10n-no" som gruppenavn på Gitlab. Er som dere skjønner mer opptatt av at vi får landet dette nå - på et sted hvor vi faktisk kan vedlikeholde det.
OK. No er Git-depotet *endeleg* på nett: https://gitlab.com/l10n-no/l10n-no-dok
Sjekk det ut med for eksempel denne kommandoen: git clone https://gitlab.com/l10n-no/l10n-no-dok.git
Depotet inneheld fellesordlista, andre ordlister og dei språklege retningslinjene våre, med fullstendig historikk tilbake til juli 2001.
Eg har rydda opp endå meir sidan siste statusmelding, blant anna for filer som har blitt flytta rundt. Nokre filer vart nemleg «flytta» ved å først sletta dei og så (i ein separat og ikkje nødvendigvis direkte etterfølgjande SVN-revisjon) legga dei til att med nye namn/adresser. Dette gjer at ein mistar den direkte historikken (riktig metode hadde vore å bruka «svn move»-kommandoen). Eg har derfor slått saman slike commitar, slik at historikken vert lettare å nøsta i.
Det viste seg forresten òg at den nye revisjonen kunne ha endringar i *innhaldet* i filene, sjølv om dette ikkje var dokumentert i loggmeldinga. Då er denne SVN-revisjonen bevart som ein separat Git-commit, men altså utan den mellombelse slettinga av filene.
Versjonsloggen går som sagt heilt tilbake til juli 2001. Det er totalt 64 filer fordelt på 795 Git-commitar (nokre filer har blitt sletta undervegs og finst ikkje i siste commit, som har 58 filer). Opphavleg SVN-revisjonsnummer er bevart, via «git-svn-id»-linjer i loggmeldingane. Slik kan ein alltids gå tilbake viss ein vil sjekka korleis ting *opphavleg* såg ut i SVN-depotet.
Etter kvart får me rydda vidare opp, for eksempel gjera ordlistefilene om til eit meir praktisk og moderne format (JSON kanskje?), legga til nye ord (og kvalitetssikra dei gamle!), legga til nokre nettsider med info (trur me kan bruka GitLab Pages her) og fiksa lenkjeròte (det er det mykje av). Får laga ein plan for dette. Men no har me iallfall alle filene lett *tilgjengeleg*, og med komplett historikk.