Eg kan kunngjera at appen StreetComplete no igjen er 100 % omsett til nynorsk. Det var han for så vidt òg for nokre år sidan, men i mellomtida hadde eg dessverre vanrøkta omsetjinga. Men no er ho altså komplett igjen, og eg vil halda ho ved like framover.
Kva er StreetComplete? Jo, det er ein Android-app der ein /svært enkelt/ kan bidra til det globale dugnadskartet OpenStreetMap ved å svara på små spørsmål om ting ein ser rundt seg når ein er ute og går. Eksempel på spørsmål er «Har denne gata fortau?», «Er det ein fotgjengarovergang her?», «Er det tak over denne sykkelparkeringa?» og «Kva kan du levera til resirkulering her?».
Ein kan installera appen frå anten F-Droid eller Google Play: https://streetcomplete.app/?lang=nn
Dette er elles ein app som var ganske krevjande å omsetja. For det første er OpenStreetMap-kartet laga for heile verda, så det er ein del kart- og trafikkomgrep som er anten smalare eller breiare enn det me har i Noreg. I nokre land skil ein for eksempel mellom forbodsskiltet «No stopping» og «No standing» (i tillegg til «No parking»). Ein må òg kjenna til tekniske formuleringar som «two-way left turn lane» («venstresvingefelt med tovegskøyring», av og til feilstava som «venstresvingfelt […]»).
Ein må veta at «tactile paving» nokre gongar må omsetjast til «leielinjer for blinde» (ved fotgjengarovergangar og busstopp) og nokre gongar til «fare- og merksemdsfelt» (øvst og nedst i trapper). Ein må vera obs på at «rising» på norsk må verta til «senkbar», sjølv om det språkleg høyrest heilt feil ut (det er snakk om senkbare pullertar). Og at «dormitory» /ikkje/ er ein sovesal (det er i denne samanheng det me på norsk vil kalla ein studentby, eller meir generelt eit hybelkompleks).
Og ein må kjenna OpenStreetMap-kodane så godt at «Parking on roadway» helst /ikkje/ vert omsett til «Parkering langs vegen» (sidan koden òg omfattar at ein kan parkera 90 gradar på vegretninga). Og ein trur kanskje at «Select one:» kan omsetjast til «Vel éin» (eks. «éin type parkeringsplass»), og det ser først ut til å passa fint, men så vert visst same teksten gjenbrukt til hokjønnsord («Vel éi:») eller inkjekjønnsord («Vel eitt:»). Løysinga kan då verta «Vel eitt alternativ:».
Det er altså mange små og store språklege feller å gå i. Så sjølv om eg har testa appen ein del (og finlese definisjonane på OpenStreetMap-wikien), er det truleg feil og inkonsistensar i nokre av dei 1451 små og store tekstane der. Det vil derfor vera fint om nokon av dykk kan lasta ned appen, ta turen ut og testa nynorskomsetjinga i praksis. Ein treng berre ein vanleg OpenStreetMap-konto (registrer deg på https://www.openstreetmap.org/user/new). Og det er ein app som faktisk er ganske gøy å bruka! Meld frå om feil og manglar direkte til meg på e-post, eventuelt her på lista.