Fredag 08 oktober 2004 15:57 skreiv Herman Robak:
Ville «ren tekstbehandler» versus «grafisk tekstbehandler» gi noe særlig mening? Det vil kanskje gi de rette assosiasjonene. (Ren tekst: kun saklig tekst uten fjas. For dem som kan skrive. Grafisk tekst: tekst med farger og bilder, og ikoner å klikke på)
Hmm, nei, eg trur at om «rein tekstbehandlar» står åleine, vil folk gå ut frå at det er snakk om ein heilt vanleg tekstbehandlar (slik dei kjenner tekstbehandlarar frå før). Det same gjeld òg «enkel tekstbehandlar».
«Tekstbehandlar» er eit etablert og velfungerande ord, så eg veit ikkje om det er så lurt å dytta «text editor» inn i dette omgrepet. Eg hellar til at det skiljet me har hatt mellom «tekstbehandlar» og «skriveprogram» er det mest tenlege. Då kan ein heller seia det slik at ein tekstbehandlar er eit avansert skriveprogram (fordi tekstbehandlaren opnar for tekstformatering, dokumentstruktur, osv.)
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes