Karl Ove Hufthammer skreiv 09.04.2021 18:55:
Kolbjørn Stuestøl skreiv 09.04.2021 18:26:
På tynt papir vil linjene på motsett side av ei dobbeltsidig utskrift skine igjennom arket og vere meir eller mindre synlege på den andre sida. "Page line-spacing" går ut på å justere linjene opp og ned i ei dobbeltsidig utskrift slik at linjene på begge sidene av arket «treff» kvarandre for å gjere gjennomslaget av linjene på motsett side mindre synleg.
Dette vert òg kalla «grid typesetting» på engelsk. Meiner å hugsadet heiter «register» på norsk. Ein set teksten slik at linjene står «i register».
Ja, dette vart vist diskutert «her på lista» for 18 år sidan:
https://i18n-no.lister.ping.uio.narkive.com/bkI0Y7NM/oo-kvalitetskontroll-oo...
Eg siterer frå nokre av innlegga (og har retta teiknkodingsfeil – noko som var vanleg for 18 år sidan …):
Ein bekjent i trykkeribransjen (så vidt eg hugsar er han utdanna typograf) har fylgjande forklaring:
"Uttrykket på norsk er "register", men vi har ikke noe "register-ekte/sann". Du må nok frase ....."Kan sette teksten i korrekt register". Egenskapen "..å sette i register" kan normalt slås av/på i typografiske programvarer.
Registeret kan tenkes som et sett Registerlinjer som teksten står på. Avstanden mellom registerlinjene er fast, i tillegg angir du normalt hvor langt ned på sida den første linja begynner.
"..å sette i register" gir begrenset handlefrihet til å plassere tekslinjer "hvorsomhelst" på sida, men gir gevinst i form av at alle tekstlinjers grunnlinje vil stå i et fast avstandsinterval fra toppen/bunnen av sida. Derfor den bedra lesbarheten ved to-sidig utskrift ved at gjennomskinnligheten i papiret ikke gir deg et urolig kontrastinntrykk."
[…]
Takk. Eg har fått vita at Quark brukar «Lås til register», så eg trur me går inn for det.
[…]
... eventuelt «sette på kegel», som visstnok er det verkeleg hardbarka typografar brukar. Ulempen med «register» er at folk kan blanda det saman med stikkordregister og liknande.
Elles ser eg både Adobe (https://helpx.adobe.com/no/incopy/using/aligning-text.html) og QuarkXPress (http://files.quark.com/download/documentation/QuarkXPress/8.5/Norwegian/QXP_...) brukar «Lås til registerlinjer».
Eg føreslår derfor «Registerlinjer» og «Lås til registerlinjer», avhengig av samanhengen.