Kevin Brubeck Unhammer via l10n-no skreiv 24.09.2026 11:31:
God idé med dei videoane! Den «Omsetjing i praksis» var spesielt fin for å visa korleis du tenker når du omset.
Eg har no laga ein ny slik video. Der viser eg korleis eg omset eit nytt program heilt frå starten av. Men videoen er eigentleg motsett frå slik eg ser for meg framtidige videoar /bør/ vera – korte og spissa. Han varer nemleg i heile 53 minutt, så han er nok for spesielt interesserte! 😃
Og eg hadde eigentleg håpt å få vist fleire av hjelpeskripta eg ofte brukar, men tekstane i programmet var så greie at det faktisk ikkje vart nødvendig. Men eg viser i det minste litt ulike funksjonar i Lokalize og nokre eksempel på spesialtekstar, for eksempel tekstar med %1-plasshaldarar og med fleirtalsvariantar.
Videoen ligg på slutten av videosida: https://huftis.org/kritikk/omsetjingsvideoar/