Petter Reinholdtsen:
Enig i at det er uholdbart. Tror ikke det er hensiktsmessig med lukket mottak hverken til bugzilla eller lignende.
Det har då ikkje vore noko problem med dette til no. Folk sender e-post med tips om skrivefeil til éin av omsettarane, og han fiksar det. Ingen av oss i prosjektet har tapt noko på at dette ikkje har vore offentliggjort.
Viss tipset gjeld forslag til forbetring, der personen som har mottatt det er usikker på om kva som er den beste varianten, er i18n-listene rett plass å diskutera det (jamfør papirkorg-diskusjonen me nettopp har hatt).
Jeg tror dermed ikke oversetteraktiviteten er tjent med å tilrettelegge for anonym innrapportering av feil, mangler og forslag til forbedringer.
Det er då ikkje snakk om anonym innrapportering; det er snakk om at tips om feilstaving ikkje skal medføra at tipsaren plutselig får heile namnet sitt, e-postadresa og meldinga si offentliggjort for heile verda.
Me kan godt ha anonym innrapportering òg, men det bør bli frårådd, då me ofte treng ei e-postadressa for å få tak i meir informasjon om feilen enn det som først vart oppgjeve (for eksempel i kva program han dukka opp).