Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:OF5082E321.4570F221-ONC1256C22.004F17AA@akershus-f.kommune.no:
Apropos tastenamn ... To tastar som ikkje står i lista, og som eg kanskje er mest i stuss på, er «Space» og «Backspace».
«Space» har eg sett ofte blir kalt «Ordskiller». Det er eit uheldig ord, av fleire grunnar. Eg går inn for «Mellomrom» (stor eller liten «m»?).
«Backspace» er det verre med. Eg ser Microsoft brukar konsekvent «Tilbake», men det kan vel lett forvekslast med venstre piltast. (Forresten er ikkje Microsoft generelt særlig konsekvent med tastenamna på norsk.)
Elles, kva skal me kalla piltastane. Me har to val, etter det eg kan sjå «Venstrepil» og «Pil venstre». Microsoft brukar sistnemnte, og det er greitt, IMHO.
(Gjer me forskjell på tastar med påtrykt namn og tastar med berre symbol?)
Nei. Dette varierer òg mellom tastatur. På det eg brukar no, har verken «Tab» eller «Shift» namn, men ofte har dei det (og det er ein fordel for brukaren!).
Eg skal forresten få sjekka opp kva tastane på Sun-tastatur heiter. Viss eg ikkje gløymer det.
Kva heiter den Windows-tasten som ligg lengst til høgre, med bilete av ein slags meny på? (MS har sikkert eit namn?)
Eg nettsøk viser at han mest sannsynlig heiter «Application Key». Dette påstår fleire sider, inkludert ei MS-side. Men i Word 2000 og Windows XP blir dette brukt om *Windows-tasten*!
Tasten blir so vidt eg kan sjå berre brukt til å visa kontekstmenyen. Hadde «Konteksttast» fungert?
Skal begge linjeskifttastane heita «Enter»,
Ja.
eller skal den med pilsymbolet på heita «Return»?
Hos meg har den store tasten pilsymbol, og den litle «Enter»[1]. Eg har sett det omvendt òg, samt «Enter» på begge tastane. Eg går inn for å kalla begge tastane «Enter». Finst det program som har ein funksjonsmessig skilje mellom bruken av desse tastane? Viss ja, kan me kanskje i laupande tekst snakka om 'den vesle «Enter»-tasten'.
[1] Vart forresten brått so glad då eg oppdaga at me kan skriva «litle» på nynorsk (læreboknormal!). :) Skal me brukar «litle» eller «vesle» i omsettingane?